Kven kan sende inn idear?
Både tilsette, dei med pasienterfaring, pårørande og eksterne samarbeidspartar kan sende inn idear til oss.
Kven kan sjå ideen min om eg sender den inn til Idémottaket?
Det er berre dei som jobbar i Idémottaket, i tillegg til deg sjølv, som ser din idé. Dersom ideen din skal vere synleg for alle, må du som innmeldar vere samnd om at det blir gjort. Dette registrerer du i eit eige Idéskjema.
Deler Idémottaket ut pengar?
Idémottaket har ikkje eigne midlar til utdeling, men kan støtte deg i å finne rett finansieringskjelde.
Har Idémottaket prosjektleiarar som kan realisera ideen?
Idémottaket si oppgåve er å ta i mot, vurdere og koordinere arbeidet med idear i samarbeid med tilsette i Helse Vest og eksterne samarbeidspartar. Vi har ikkje eigne prosjektleiarar å leige ut.
Kvar og korleis kan eg søke om Helse Vest innovasjonsmidlar?
Du kan søke Helse Vest innovasjonsmidlar gjennom Idémottaket. Kvar haust legg vi ut utlysninga om midlar med eigen søknadsmal. Helse Vest tildel midlane i januar.
Kan eg vera anonym?
For å kunne sende idéen må du oppgi kontaktinformasjon. Det betyr at Idémottaket må vite kven du er. Ideen vil aldri bli lagt synleg med deg som innmeldar utan ditt samtykke.
Kan eg gje tilbakemelding på pasientbehandling?
Gje ikkje frå deg sensitiv informasjon. Forslag til forbetringar skal ikkje innehelde informasjon som kan identifisera di eller andre si helsetilstand. Tilbakemelding på pasientbehandling skal sendast til kommunikasjonsavdelinga vår via e-post:helse@helse-vest.no